Sat. Nov 23rd, 2024

Norske profilar meiner kenyansk friidrett har eit stort dopingproblem etter dei seinaste avsløringane. I Kenya vil dei ikkje lenger dele ut prisar av frykt for å premiere ein dopar.
NRK omtalte nyleg dopingskredet i kenyansk friidrett. Dei siste seks vekene har eit tosifra tal utøvarar vorte suspenderte eller utestengde for doping.

Nyheitene har ikkje gått upåakta forbi blant norske toppløparar, men Gjert Ingebrigtsens elev Narve Gilje Nordås er ikkje overraska av dei høge tala.

– Det er ein annan kultur der. Det er rett og slett ein dopingkultur, melder han kontant.

NRK møtte han og andre friidrettsprofilar under det tradisjonsrike gateløpet Hytteplanmila.

– Det er jo først og fremst trist, men eg er ikkje overraska, held Nordås fram om situasjonen i Kenya.
Forbundet: Vil lære opp utøvarane
Det er Friidrettens integritetseining (AIU), i samarbeid med det kenyanske friidrettsforbundet (AK) og antidopingstyresmaktene i landet (Adak), som har komme med dopingavsløringane den siste tida.

Dei har jobba målretta ut frå tips og informasjon mot enkeltutøvarar for å rette søkjelyset mot Kenyas dopingproblem.

Adak-sjef Sarah Shibutse vil sikre betre informasjon til utøvarane i landet, som no blir rådde til å berre ta imot medisinske råd frå legar godkjent av friidrettsforbundet.

– Vi ønskjer å jobbe tett med friidrettsforbundet, slik at vi ikkje berre testar utøvarar, men lærer dei kva stoff dei må unngå, seier ho til Standard og etterlyser meir statleg støtte i kampen mot doping.

NRK har kontakta det kenyanske friidrettsforbundet og Adak for ein kommentar til utsegnene frå dei norske utøvarane, men har førebels ikkje fått svar.
Magnus Tuv Myhre, som slo til med ein 7.-plass på 10.000 meter under EM-et i sommar, trur at fleire kenyanske utøvarar blir utnytta av trenarar og agentar. Han meiner at informasjon er avgjerande.

– Eg tippar det er ein del naiv utøvarar som berre får beskjed om å ete dette og gjere dette, og så gjer dei det. Etterpå får dei vite at det var langt over streken. Dei er kanskje ikkje klar over kva som er ulovleg og ikkje, seier han.
Forbundet fekk sjokk då dei opna meldingane
Heller ikkje Tuv Myhre er overraska av avsløringane. Det norske stortalentet Abdullahi Dahir Rabi liker ikkje den seinaste utviklinga i Kenya.

– Det er berre trist, og det er veldig urettferdig at du konkurrer mot dopa folk når du er ein rein utøvar. Det blir aldri rettferdig, men du må berre prøve å gjere ditt beste, seier 19-åringen.

Fleire av dei dopingtekne kenyanarane har gjort det sterkt i gateløp. Her har det tradisjonelt sett vore mindre testing, sjølv om det blir delt ut store pengesummar til vinnarane. Gilje Nordås reagerer sterkt på dei økonomiske og sportslege konsekvensane doparane sine handlingar får for konkurrentane.

– Det er jo kriminalitet. Tenk om du er den siste personen som ikkje går vidare til ein VM-finale. Det kan vere snakk om fleire hundre tusen kroner. Det er jo stor økonomisk kriminalitet. Det er fortærande, seier Gilje Nordås, som ikkje ønskjer å måtte møte doparar på startstreken.

– Dei fleste er ærlege, men at det finst såpass mange uærlege, er kjipt å tenkje på. Du må berre trene på og gjere så godt du kan, seier han.
Dopingproblemet i kenyansk friidrett har no gått så langt at forbundet er redd for å dele ut prisar for årets beste utøvarar.

– Kvar gong eg opnar datamaskina og lesar meldingane, blir eg sjokkert, seier den kenyanske friidrettstoppen Susan Kamau om dei seinaste avsløringane til Capital.

– Tidlegare har vi arrangert gallaer for utøvarar og for å feire prestasjonane deira. No har vi ikkje lenger noko å feire, for i månadane etter prisutdelingane får vi informasjon om at dei har vorte utestengde for doping, fortel ho.